Green Peel®: Naturleg hudfornying

Synleg betring

Green Peel® er ei svært effektfull og oppstrammande behandling som bekjempar tidleg aldring og tap av spenst, og som gir synleg betring på rynker, akne, arr og store porer

Jobbar i djupna

Urteblandinga, som består av 10 utvalde urter og alger, som inneheld enzym, mineral og vitamin, vert pensla på ansiktet og halsen og massert inn. Urtene vil trekkje inn i huden kor dei jobbar i djupna.

Beroligande for sensitiv hud

Peelinga inneheld ingen kjemiske stoff som kan irritera huden og kan difor brukast på sensitiv hud. Urtene som nyttast verkar sterkt beroligande, betennelsesdempande, næringsgivande og hudfornyande. Som oppfølgjing tilbys skreddarsydde produkt til heimebruk alt etter korleis hudtilstand som skal behandlast.

Green Peel® i tre ulike styrkar

Green Peel® kjem i tre styrker og gir synleg hudforbetring på alle typar hud uansett alder. Alle styrkene gjer ein unik glød samstundes som du kjenner at huden vert stimulert i fleire påfølgjande dagar.

Green Peel® Fresh Up

Dette er den mildaste av dei tre urtepeelingane og blir populært kalla Party Peel. Årsaka er at huden får ein så flott glød rett etter behandlinga at du kan gå rett på fest! Samstundes verkar peelinga både førebyggjande og behandlande.

Green Peel® Energy:

Dette er ein djupare variant av den mildaste peelinga. Behandlinga har effekt på rynker, pigmentflekkjer, store porer og akne. Peelen er også ideell som tilvenning til den djupe behandlinga. Den gir umiddelbar effekt utan at det set avgrensingar i kvardagen. Du vil bli litt raud etterpå, men som regel ikkje verre enn at du kan gå på fest neste dag. Det er sterkt anbefalt å bruke tilpassa produkt minimum dei 5 første dagane.

Green Peel® Classic:

Her er den opprinnelege Green Peel og den sterkaste av dei tre utgåvene. Den bidrar til å stramme vevet og forbetrar og bekjempar ujevn, ru hud, tap av elastisitet, rynker, store porer, akne og arr. Like etter behandlinga vil huden verte raud, og etter 3-4 dagar kan du flasse men dette er individuelt. Etter 5-6 dager kjem du tilbake til oss for ein oppbyggjande behandling og du skal følgje opp heime med tilrettelagte produkt. Resultatet vert ei total hudfornying.

Prisvinnande behandling

Green Peel®, som blei utvikla av hudlege og spesialist på aldring og allergi, Christine Schrammek for over 60år siden, er kåra til nummer ein i verda på naturleg hudfornying.

Green Peel® passar like godt for menn som kvinner, uansett alder.

Kunne du tenka deg å prøva?

Du bestiller enkelt ein time i vårt online booking-system, eller du kan ta kontakt med oss for timebestilling eller råd om val av behandling. Me hjelper deg gjerne!

Previous
Previous

Nominert til årets hudpleiebedrift 2022

Next
Next

iBeauty: Unik Anti Age-behandling